Litt uro i Jordan

Ambassadeåtak Det har fleire gonger vore demonstrasjonar utanfor den syriske ambassaden her i Amman, men i dag ser det ut til å ha gått gale. Demonstrantar frå Syria gjekk til åtak på ambassaden og prylte opp konsulen, ein diplomat, ei vakt og nokre få andre tilsette. I følgje den syriske ambassade sa demonstrantane at dei hadde noko papirarbeid dei skulle gjere ferdig. Jordansk politi skal ha arrestert om lag åtte personar. Ein person, som skal vere ein syrisk flyktning, vart arrestert av ambassadevaktene.

Stammeopptøyar

Beiterettar og tilgang til beite er framleis eit tema som skapar problem i Jordan, om kanskje ikkje i like stort omfang som for 90 år sidan. I går var det nemleg opptøyar i sørlege Jordan då medlemer av Hajaya-stammen blokkerte Hovudveg 65, betre kjend som Desert Highway, ei av dei viktigaste fartsårene i landet. Hajaya-stammen er ein av dei større beduinstammane i Jordan. Opptøyane kom som følgje av ein fredleg demonstrasjon i Qatraneh i Karak-regionen der ei stamme delte ut flygeblad mot at styresmaktene selde beitemarkene deira til investorar. Guvernøren i Karak greidde forhandle fram at dei skulle opne vegen att, men i følgje Jordan Times heldt dei ikkje lovnaden sin og han måtte sende inn tryggingsstyker for å ordne opp. Desse sørga for å opne vegen att etter nokre timar, men ikkje utan eit lite samanstøyt med demonstrantane.

Det slutta heller ikkje der. Innbyggarar frå byane og landsbyane omkring vart forbanna på stammefolket sidan dei forstyrra dagleglivet. Dei drog for å tvinge Hajaya-stammen til opne vegen att, men politi overtalte dei til å halde seg borte. Det var lettare kaos ein periode sidan hundrevis av bilar ikkje fekk køyre korkje nord eller sør.

Desert Hwy - Trucks on airstrip Karak - View

Universitetsvald

På laurdag var det om lag 25 yngre jordanarar som demonstrerte utanfor statsministeren sitt kontor for å markere avstand frå valdsepisodane som har funne stad ved fleire universitet i Jordan den siste tida. Valden skal vere forårsaka av konfrontasjonar mellom enkeltmedlemer av stammar, som igjen har dratt inn den meir utvida familien til kvar enkelt. Favorisering, wasta, når studentar brukar sine kontaktar for å skaffe høge karakterar utan å vere på førelesingar, skal òg vere ein medverkande faktor.

Studentpolitikk er viktig: Ei interessant løysing til dette skal visstnok vere å innføre/tillate "politiske parti", studenlister om ein vil, ved universiteta. Dette vil auke kunnskapen om konsekvensane av vald hjå studentane, i følgje ein av demonstrantane. Valden forstyrrar undervising, skadar dei jordanske universiteta sitt renommé og kan føre til at utanlandske studentar ikkje vil studere her, seier ein tidlegare student.

Reint personleg har eg høyrd rykter om at det var ei knivstikking ved Universitetet i Jordan for nokre veker sidan, men dette er ikkje stadfesta.

Amman - University Road

Another Olive Tree

Arabisk historie, vestlege kjelder