Kjøtkaker i Amman

I husværet eg bur i Amman er det eit press på å lage ein felles middag nokre gonger i veka og noko som gjer presset ekstra stort er når ein bur saman med ei frå Italia som er flink til akkurat matlaging. I staden for å lage noko dårleg pasta fann eg ut at eg skulle satse og lage kjøtkaker med brun saus og ertestuing. Sidan ingenting av desse er å finne i Amman trong eg lage det frå botnen av. Ingrediensane var nemleg ikkje so vanskelege å finne. Utfordringa låg i at eg aldri før har laga kjøtkaker, brun saus eller ertestuing frå botnen av.

Matprat fann eg dei fleste oppskriftene og sette i gong. Etter litt om og men, og eit svindyrt innkjøp av potetmjøl, fekk eg steikt godt over 30 kjøtkaker. Vart ikkje heilt same smaken, men nært nok. Den brune sausen var eg meir uroa for, men denne viste seg å bli utruleg god. Utan heilt å vite korleis eg skulle få tak i fem dropar sukkerkulør for å farge sausen, so bruna eg smør og mjøl i staden for. I tillegg hadde eg i nokre skiver med brun geitost smugla med heimanifrå.

Amman - Kjøtkaker i brun saus

Den grøne ertestuingen var lett og rask å lage, og vart frisk og god.

Amman - Grøn ertestuing

Alt vart servert med poteter, hakka opp i terningar. Reaksjonen var positiv, både frå meg sjølv og dei eg bur med. Eg seier meg nøgd med det.

Amman - Potetterningar

Til neste gong må det nesten bli fårikål, pannekaker med blåbær eller noko liknande.

How to get an olive tree in Amman

Å finne seg til rette