Studieregistrering ved University of Jordan

Det er å registrere seg som utanlandsk arabiskstudent ved Universitetet i Jordan er bokstaveleg talt litt att og fram. Registreringa skjer på universitetet som ligg om lag 15-20 minutt og 20 kroner med taxi frå der eg bur. Det ein treng for å registrere seg her er faktisk ikkje meir enn eit registreringsskjema, to passbilete, kopi av passet + visadelen, $20 og 750JD (ca. 6000 kroner) i kontantar. Først går ein til Det internasjonale instituttet for læring av arabisk til personar som snakkar andre språk (II-TASOL) og leverer frå seg skjema, passbilete og kopiar. Dinest må ein betale $20 i registreringsavgift til Cairo Amman Bank som ligg 2-300 meter frå intituttet. Her må ein belage seg på å stå i ro i kø i godt over ein time utan att denne rører seg, men ein kan faktisk velje mellom to køer, båe like raske. Kølapp er det ikkje noko som heiter i akkurat denne banken.

Når ein har levert frå seg dollarsetelen og fått kvitteringa skal ein gå 700 meter vidare. Då kjem ein til ein svær bygning kalla Admission and Registration Unit. Her skal ein opp i andre etasje, gå til venstre og betale 750JD i semesteravgift i luke nummer to. Her var ikkje ventetida på nær like gale og eg fekk kvitteringa etter 5-10 minutt.

No skal ein gå kilometeren attende til instituttet, levere kvitteringa og få studentkortet sitt, som er passbiletet limt på eit slags visittkort med stempel på. Dimed er ein ferdig og registert som student ved Universitetet i Jordan.

Alt i alt var det ikkje gale i det heile so lenge ein visste kvar ein skulle gå. Tok berre nokre timar.

City Planning - A Bench in Amman

Kongeleg kronologi