Tilbake til Jordan

Det har gått nokre år (fire), men no er eg endeleg tilbake i Midtausten. Planen var å studere arabisk i Damaskus, men grunna opprøret der fann eg ut at Amman var eit litt enklare og litt tryggare alternativ. Her kjem eg til å studere arabisk ved University of Jordan det neste halvåret. Det er ganske kjekt å vere tilbake. Same kvelden som eg kom ned var det konsert med to band på citadellet i Amman, Jebel al-Qal'a/جبل القلعة. Ein konsert der opp ser fantastisk ut. Det var ei opa scene som hadde ein opplyst by som bakteppe, ein nær fullmåne som tak og søylene til Hercules-tempelet på sida.

Amman at night Amman - Pillars of the Temple of Hercules

Dei to banda som spelte var Zeid and the Wings og Mashrou’ Leila, båe frå Libanon. Musikken er annleis, og betre, enn den arabiske popen ein høyrer overalt. Det var òg nokre politiske bodskap i nokre av songane deira. Vokalisten i Zeid and the Wings vart visstnok fenglsa i tre dagar for eine låten sin, General Suleiman. Korkje han eller arrangørane hadde eigentleg tenkt å spele den, men publikum overtalde han og til slutt arrangørane. Om han vart fengsla på nytt måtte publikum love å få han ut att.

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=L83n4zhg8Jw]

Sjølv likte eg likevel best Mashrou' Leila. Utruleg stilig musikk, i tillegg til at dei fleste band som brukar ein kombinaajon av fiolin og rock får ein pluss i boka av meg. Vokalisten minna forresten overraskande mykje om Freddie Mercury i Queen.

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=a-_obybMrmc]

Eit lite mattips er å kjøpe seg hummus, falafel og brød nær den andre sirkelen i Amman. Det kostar veldig lite, det er veldig godt og ein blir veldig mett. Måltidet på biletet kosta omlag åtte kroner (0,5 kg brød: 1 kr, 10 stk falafel: 1,50 kr, liten hummus: 5,50 kr).

Amman - Cheap Lunch

Trass i at det er ein haug med byggeprosjekt i Amman, slik det var då eg var her sist, er det ikkje mykje som har endra seg. Det er nokre nye bygg og ein er i ferd med å bygge ein ny veg til flyplassen, men elles ser det ut likt ut. Byutviklinga her er likevel ganske voldsom og byen har utvida seg i ein enormt tempo. Ein kan spørje seg om kor godt planlagd og styrt denne utviklinga er og har vore når ein ser visse planløysingar for byen. Det minnar litt om eit lite ville vesten med ei blanding av noko planlegging, litt ad hoc og kanskje ei lita klype korrupsjon.

Kongeleg kronologi

Dershowitz i Bergen