The Green Wave

Bergen Filmklubb viste laurdag 5. mars 2011 filmen The Green WaveDet Akademiske Kvarter i Bergen. Filmen er ein delvis animert dokumentar om opprøret i Iran etter presidentvalet i 2009, der ein har tatt utgangspunkt i informasjon frå bloggar, bloggarar og twitter-meldingar. Filmen har namnet sitt frå grønfargen demonstrantane og opposisjonen tok i bruk for markere seg. [youtube=http://www.youtube.com/watch?v=sg0OODPSc44&feature=player_embedded]

Det var ein del av det nyoppstarta filmpanelet som Filmklubben og Studentersamfunnet i Bergen har starta opp i samarbeid med BIFF. Diverre kom det ikkje so mange menneske som det burde til det som i desse dagar er ein ganske høgaktuell film. Parallellane til dei forskjellige opprøra i Midtausten er tydlege.

Filmen sitt innslag av animerte sekvensar, der dei gjenfortel forskjellige bloggarar sine erfaringar frå opprøret, er svært vellukka. Stilen i animasjonen verkar som er inspirert av den israelske animerte semidokumentaren Vals med Bashir. Ein kjenner att noko av den same intensiteten i forskjellige scener. Eg avslører lite ved å seie at opprøret var mislukka og vart brutalt slått ned på av det iranske regimet. Gangen i opprøret er reflektert i filmen, der stemninga går frå optimisme til pessimisme etterkvart som det blir klart for demonstrantane at regimet ikkje er interessert i ei reell liberalisering.

Denne filmen er vel verdt å få med seg, spesielt for dei som følgjer med på det som hender i Midtausten. Iran slit med mange av dei same problema som resten av regionen, og det er spennande å sjå kvar alt dette fører hen. Det feila i 2009, men eg tvilar på at det var slutten.

Trass labert oppmøte skal Filmklubben, Samfunnet og BIFF ha honnør for å ha fått tak i ein sopass god og aktuell film. Eg trur det skal ein del til for at neste film er like aktuell. Sjølv vonar eg at dei held fram med Filmpanelet og sett opp fleire aktuelle filmar.

Dershowitz i Bergen

An interesting embassy letter from Somalia, 1968